Vil hindre ny bybrann i Ålesund

brannsikringsplan2021-geir-og-ruthiren

Ålesund brannvesen har kartlagt brannrisikoen i umisselege tette trehusmiljø i byen, og utarbeidd ein tiltaksplan for korleis områda bør sikrast. – Bybrannfaren er framleis reell. Vi treng at både politikarar, bebuarar, verksemder og andre blir med oss i eit samarbeid for å sikre viktige delar av Ålesund sin identitet mot brann, oppmodar brannsjef Geir Thorsen.

Ei tverrfagleg arbeidsgruppe med ekspertar frå brannvesenet, Verksemd plan og bygg i Ålesund kommune og Firesafe AS har med støtte frå Riksantikvaren laga ein brannsikringsplan for verneverdige tette trehusklyngjer med fare for bybrann, såkalla områdebrann. Gruppa har kartlagt seks slike miljø i byen: Ringgata, Vestre treby, Midtre treby og Molja på Aspøya, samt Nordre treby og Klipra på Nørvøya. Ein områdebrann er ein brann der meir enn 20 hus kan gå tapt.

Ålesund brannvesen har òg søkt Riksantikvaren om midlar til å lage tilsvarande brannsikringsplanar for trehusmiljøa på Alnes og Ona.

Reell brannfare

– Kartlegginga viser at faren for områdebrann er høgst reell i alle trehusmiljøa vi har sett på til no. Får vi til dømes ein kombinasjon av sterk vind og ein seint oppdaga brann på ein uheldig stad i høve til vindretning og topografi, risikerer vi at mange bygg og uerstattelege verdiar kan gå tapt, åtvarar brannsjef Geir Thorsen i Ålesund brannvesen.

kart trehusbebyggelse alesund MiljostatusNo Illustrasjon: Dei seks trehusmiljøa i Ålesund som er kartlagt. Kartgrunnlag: Miljøstatus.no

Blant utfordringar det blir peika på i rapporten er liten avstand mellom byggverk, manglar ved brannskilje, få brannalarmanlegg med direkte overføring til 110-sentralen, knapp tilgang på sløkkevatn og vanskeleg tilkomst for utrykkingskøyretøy.

Felles løft

Brannsjefen ber lokalpolitikarane, bebuarane, burettslag, sameiger og verksemder som held til i og i nærleiken av brannsmitteområda om å bli med på eit felles løft for branntryggleiken i trehusmiljøa.

– Brannsikringsplanen gir ei god oversikt over kva utfordringar som gjeld for det enkelte område, og listar opp ei lang rekke tiltak vi meiner kan redusere bybrannrisikoen vesentleg. I tillegg er det heilt naudsynt at alle som bur og jobbar i desse områda hjelp til med å førebygge brann og sørge for tidleg varsling om det byrjar å brenne. Publikum kan òg sende oss bekymringsmeldingar via branntips.no om ein ser noko ein trur kan vere brannfarleg, seier Thorsen.

Blant tiltak i brannsikringsplanen som er føreslått å sjå nærare på, er desse:

  • Informasjonstiltak med førebyggande råd til bebuarar, utleigarar, leigetakarar og bustadselskap og andre verksemder.
  • Tilskotsordningar for oppgradering av brannveggar og etablering av brannalarmanlegg.
  • Fyrverkeriforbod i dei aktuelle brannsmitteområda.
  • Etablering av sløkkeanlegg i særleg utsette område.
  • Etablering av felles underjordiske søppelpunkt for å redusere talet på søppeldunkar.
  • Innkjøp av sløkkemateriell eigna for sløkkeinnsats frå sjøsida, eksempelvis sjøsprøyte.
  • Parkeringsforbod i enkelte gater.
  • Etablering av brannslangepostar.
  • Installasjon av varmesøkande kamera i risikoutsette område.
  • Montering av lynavleiarar på høge punkt.
  • Særskilte rutinar for byggesaker i brannsmitteområda, og gjenopning av byggesaker med kjente feil.
  • Utgreiing av kapasitet for sløkkevatn, og årleg kontroll av brannhydrantar og kummar.
  • Tilsyn frå brannvesenet og det lokale eltilsyn.

– Ein områdebrann med tap av 20 eller fleire hus er ikkje akseptabel risiko for oss. Vår målsetting er å unngå brann med fleire enn to bygg involvert. Dette krev både vilje, innsats og økonomiske midlar over tid, og vi håpar den nye brannsikringsplanen blir eit viktig verktøy i det vidare arbeidet med å hindre at vi mister delar av Ålesund sin identitet. Ein områdebrann i eit av dei tette trehusmiljøa ville ha vore ei katastrofe som hadde endra byen for alltid, påpeikar Thorsen.

– Bybrannsikring er eit spennande og utfordrande område innan brannvernarbeidet, og viktig fordi det handlar om å ta vare på kulturskattane våre. Alle trehusmiljø har sine særeigenskapar, og det er viktig å sjå på desse både samla og kvar for seg, slik at vi treff best mogleg på dei føreslåtte brannsikringstiltaka. Vi er glade for at vi fekk lov til å bidra med vår kompetanse i eit godt samarbeid med Ålesund brannvesen, seier regionleiar Trond Ulgenes i Firesafe.

Toppbildet: Brannsjef Geir Thorsen saman med branningeniør Ruth Iren Tronstad frå Firesafe AS.

Kilde: Ålesund Brannvesen – www.aabv.no